|
Velkommen til Haukås Lurås 3-delte barneskule. For å finne oss
må du køyre til Tinn Austbygd, om lag 30 km frå Rjukan og fortsetje
mot Tessungdalen. Det går 32 elevar frå 1-7 kl på skulen vår.
Elevene har eigen heimeside se:
http://home.no.net/kkalas/
I tillegg har vi ein korttidsbarnehage, samt
skulefritidsordning.
Det er 6 lærarar, skulefritidsleiar, 1
assistent samt reinhaldar
som jobbar her. I tillegg har vi kontorhjelp ein gong i veka.
Uteområdet ved skulen er veldig bra. Om vinteren kan elevane velge
mellom hoppbakke, akebakke, skeisebane, klatring i klatrevegg eller
snøholegraving. Om sommaren er det fotballbane, volleyballbane,
klatrevegg, basketbane, sandkasse, gapahuk og sklie. Elevane byggjer
hytter i skogen bak skulen.
Vi har eit unikt kulturminneområde rett i nærleiken av
skulen.
Haukås Lurås skule stod ferdig i 1922. Haukås og Lurås
skulekrinsar vart då slegne saman til ein. I 1997 kom også
Tessungdalen inn under Haukås Lurås.
Opp gjennom tida har det vore mange ombyggingar. Dei to siste i
1982 og 1991. Skuleplassen fekk si noverande form i 1989 etter ein
kjempeinnsats av foreldre og bygdefolk i form av dugnadsarbeid.
Pedagogisk er vi opptekne av å gjennomføre L-97. Vi har særleg
konsentrert oss om tema- undervisning på tvers av klassetrinn. Vi har
også jobba mykje med å tilrettelegge for sosial læring. Vår visjon
er: Haukås Lurås skule er ein stad der elevane kan leike, utvikle
seg og tileigne seg kunnskap i eit miljø der dei kjenner seg trygge
og trivst.
I år 2000 er UTESKULE prioritert ved at elevar, lærarar og
foreldre byggjer opp eit uteskuleområde i nærleiken av skulen.
|