Bøen skule ligg i Austbygde, ei bygd som ligg i Tinn kommune i Telemark. Dette er ein tre-delt barneskule med 28 elevar (skuleåret 00/01). 1, 2, 3 og 4 klasse går saman, og her er det 10 elevar. 5 og 6 går og saman og her er det 11 elevar. I 7 kl. er det 8 elevar. Det er tilsett rektor, 6 lærarar, leiar i SFO og kontorhjelp ein dag i veka her på skulen. Skulen blei bygd i 1922. I 1987/88 blei skulen pussa opp innvendig, og i 2000, ble skulen bygd ut både med nytt klasserom og mediarom. På grunn av det nye tilbygget har skuleplassen blitt noko mindre enn før, men likevel har vi plass til ein liten fotball-/basketballbane, klatrestativ, husker, sklie og sandkasse. Vi håpar også at vi får utvida skuleplassen igjen, slik at det blir litt meir plass ute. Skulen ligg nære skogen, så vi brukar også den i friminutta. Skulen har skulefritidsordning.
| ||||||