Nyhet Post Stilling Sak/møte  Avgift Skjema Barn Ungdom Kultur/Fritid Utbygging Næringsliv  Teknisk Helse/sosial Bilder

        Førebels skildring av

REGULERINGSPLAN

 
FOR

10 ØKO-SMÅBRUK

BERGSKOG

GNR. 3 BNR. 2 & 4

 

TINN KOMMUNE

 

Ved Liv Solfrid Steffensen og John Sortland

 

wpe3.jpg (388099 byte)   Plankart wpe5.jpg (355205 byte)  Illustrasjonskart

      

Innehald

 

  1. Bakgrunn
  2. Beskriving av planområdet og planforslaget
  3. Konsekvensar av planforslaget
  4. Reguleringsbestemmingar

 

 

1.   Bakgrunn

 

I Noreg er det svært få utbyggingsprosjekt som er gjennomført etter økologiske prinsipp. Tinn kommune med sin geografisk plassering er eit godt utgangspunkt for å etablera eit prosjekt med ti øko-småbruk, som kan ha banebrytande modellverdi for liknande prosjekter andre stader i framtida. Initiativtakarane har i møter med Tinn kommune lagt fram ideen om å etablera eit slikt prosjekt på garden Bergskog. Responsen på desse møta har gitt oss forståing for at det kan vera grunnlag for å fremma eit privat reguleringsforslag for kommunen.

 

 

2.   Beskriving av planområdet og planforslaget

 

2.1  Planområdet

Bergskog er ein gard som har eit samla areal på 379 dekar. Av dette er det 24 dekar overflatedyrka beite, 313 dekar produktiv skog og 42 dekar anna areal. Planområdet er naturleg frådelt garden med riksveg 37, ug utgjer ca. 80 dekar. Landskapet er hovudsakelig låg-bonitets skog med karrige fjellparti og eit mindre område dyrka jord.

 

2.2  Planforslaget

Området er å finna innanfor LNF – område. For gjennomføring av planen er det nødvendig med dispensasjon frå kommuneplanen eller ein regulering av planområdet. For å sikre nødvendige føringar for økologiske prinsipp for utbygginga i forhold til landskap og terreng, vert det foreslått at det gjennomføres full regulering for planområdet i staden for å søka om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel.

 

 

3.   Konsekvensar av planforslaget

 

3.1  Generelt 

Øko-småbruka kan bli eit føregangsprosjekt for Tinn kommune,  samt vera med på å skape ei positiv  folketalsutvikling i utkantstrøk.

 

3.2  Arbeidsplassar

Ein vil få inn ressurssterke innflyttarar som kanskje på sikt kan skapa sine eigne arbeidsplassar.

 

3.3  Barnehage og skule

Tilflytting til området vil bidra positivt til oppretthalding av barnehage og skule.

Byggeområdet ligg 10 kilometer frå næraste skule, og 13 kilometer frå næraste barnehage. Allsidige og store tomter gjer at planforslaget tek omsyn til barn og unge sine interesser.

 

3.4  Landskap og vegetasjon

All bygging skal skje på fjellgrunn. Det er eit vilkår at bygningar skal ha enklast mogleg fundamentering slik at sprenging vert unngått og at landskapet held sin noverande form så langt som mogleg.  Reguleringsområdet har i dag ein lite produktiv skog, og eksisterande skog i området skal før overtaking takast ut av grunneigar. Eit lite stykke dyrka område innanfor landbruksarealet (på om lag  3 dekar) , vil verta nytta til økologisk landbruksareal av grunneigar eller i samarbeid med tomteeigarar. Det vert ikkje høve til tomtedeling innanfor dette arealet.

 


 

4.   Reguleringsbestemmingar

 

§ 1 Formål og avgrensing

1.1  Formål

Planen skal leggja til rette for utvikling av eit levande lokalsamfunn med bustader og jordbruk. Området skal planleggast og drivast etter økologisk forsvarlege prinsipp for utforming og bruk av areal og bygningar.

 

1.2  Avgrensing

Det regulerte området er vist på plankartet med reguleringsgrense.

 

1.3  Reguleringsformål

·        Øko-småbruk

·        Landbruksområde

 

§ 2 Byggeområdet

2.1  Formål:

Formålet med byggeområdet er busetjing. Alle bygningar skal tilpassast klima og landskap, og underordna seg naturpreget i området. Det skal vera høve til dyrking av mat for sjølvforsyning, og tomtene skal dekka eige behov for spreieareal. Alt organisk avfall skal resirkulerast på tomta, og det skal vera mogleg å dyrka biobrensel til eige bruk ( flis, ved, og liknande ). På grunn av grunnlendt areal er det viktig med romslege tomter.

 

2.2  Bygningar:

Bygningar skal ha løysingar prega av økologisk heilskapstenking og forma slik at dei brukar minst mogleg ressursar, og med eit økologisk forsvarleg materialbruk.

 

2.3  Oppvarming:

For oppvarming av bygningar skal det nyttast størst mogleg grad av lokal fornybare energikjelder, som t.d. biobrensel, solvarme, o.l.

 

2.4  Plassering og høgder:

Det kan oppførast småhusbusetnad innanfor byggegrensene som vist på plankartet. Maks mønehøgde skal ikkje overstiga 11,0 meter over gjennomsnittleg terrengnivå. Maks gesimshøgde skal ikkje overstiga 7,5 meter over gjennomsnittleg terrengnivå.

 

2.5  Tomteareal:

Reguleringsområdet kan utbyggjast med maksimum ti tomter, og storleiken på tomtene vert frå tre til fem dekar ( som eit mini småbruk ). Kvar tomt kan byggjast ut med BYA 500 kvadratmeter, og av dette kan bygning for bustadformål utgjera maks BYA 250 kvadratmeter.  Det vert ikkje høve  for tomteeigarar å dela eigedommane i fleire tomteeiningar.

 

2.6  Vann og avløp:

Alle tomtene skal tilknytast lokale naturbaserte vann - og avløpsløysingar. Vassforsyning skal løysast privat og lokalt med borehull, og det skal gjerast eigen plan for avløpsløysingar etter kvart som feltet blir bygd ut.

 

2.7  Landskap og vegetasjon:

Terrenginngrep skal skje mest mogleg skånsamt, og sprenging i området må unngåast.

 

2.8  Trafikkareal:

Utkøyring til riksveg skal gjerast frå feltet sitt høgaste punkt, kor det er god sikt i begge retningar og lett å laga ein utkøyring i samsvar med myndigheta sine forskrifter. Vegen skal leggast i terrenget utan skjemmande skjeringar og fyllingar. Vegen kan opparbeidast med ei breidde på inntil fem meter, og det vert høve for opparbeiding av parkeringsareal nær innkøyringa til området. Vegen skal førast fram til tomtene før det kan byggast, med mulighet for innkøyring for veg / garasje. Det skal etablerast eit vegstyre for å ivareta vedlikehald av veg, brøyting, o.l.

 

2.9  Parkering:

Det skal settast av plass for parkering av minimum to bilar på kvar tomt. 

 

2.10          Dyrehald:

Det er tillat med dyrehald i området. 

 

2.11          Næringsverksemd:

Det er tillat å etablera enkel næringsverksemd i bustadområdet.

Det vert ikkje tillate med næring som ikkje er i samsvar med økotunet sine målsettingar. Miljømessige forstyrringar som t.d. støy, utsjånad, storleik, forureinande væsker eller gassar / røyk, og liknande, vert ikkje akseptert.

 

 

§ 3 Landbruksområde

I landbruksområdet kan det drivast økologisk landbruksverksemd, og førast opp bygningar som er nødvendig for drift av garden.

 

§ 4 Friluftsområde

Det skal vera friområde innanfor byggearealet, og mellom tomtene vert det halde eit areal på minimum tre meters breidde for allmenn ferdsel. Det tillates opparbeiding av stiar i området for fri ferdsel. Det vil bli lagt vekt på å sikra området for eksisterande naturkvalitet.

 

§ 5 Dispensasjon

Når særlege grunnar ligg føre kan Planutvalet dispensera frå retningslinjene innanfor ramma av gjeldande bestemmingar i plan – og byggingslova.